Fair play: viktig læring eller kontroll av elevane?

Når vi har spurt om elevane om kva dei lærer i kroppsøving, kjem fair play høgt opp.

 

Heile 44% av elevane i ungdomsskulen er heilt einig at dei skal lære om fair play. Sjølv om læreplanen og føremålet for faget legg vekt på fair play, så er det kanskje overraskande at det er eit så tydeleg læringsmål for elevane?

Frå idrettsfilosofien er fair play grunnleggande for sikre rettferdige og gode konkurransar, slik at det er den rette utøvaren eller laget som går av med sigeren. Men kva betyr det eigentleg å lære fair play i kroppsøving?

For å få eit meir utdjupande svar på korleis lærarar underviser og kva dei tenker at elevane skal lære, har vi intervjua lærar i ungdomsskulen om undervisning og læring generelt. Også her vart fair play eit sentralt tema. Våre analysar av intervjua viser det er forskjellige måtar å forstå fair play på.

I likskap med idrettsfilosofien si forståing av fair play som å følgje reglar, så meiner lærarane at dette også er vesentleg for kroppsøving. Men, i tillegg meiner lærarane at å følgje spelets reglar er ein viktig lærdom elevane kan med seg ut av gymsalen: «Fair play… (er) veldig gjennomgående og også nyttig i dagliglivet. Være fair overfor reglene en møter, både i trafikken og i hjemmet og alt mulig sånt».

Vidare blir fair play tenkt på som eit sosialt læringsmål:

«Det er jo også det med hvordan de inkluderer andre i spillet og får andre med, sånn at ikke vi kjører et egoløp for å score mål, for eksempel, men at de prøver å få med alle», seier ein lærar

Samstundes er også fair play noko som blir tillagt særleg vekt for elevar med gode ferdigheiter då desse elevane – i følgje lærarane – ikkje bør utnytte ferdigheitene sine til å dominere spelet, men heller bruke dei til å spele dei andre elevane gode. Her er eit sitat frå ein lærar:

«Du har vist den ekstremt gode evnen til for eksempel fair-play, spille andre gode, ta med andre, dele inn i lag, hjelpe til, rydde salen, og utvikle deg»

Men, vent litt! Har fair play også noko med å «rydde salen» å gjere?

Det viser seg nemleg i analysane våre at fair play ikkje berre er noko elevane skal lære om, men det er og eit tiltak lærarane bruker for å få elevane til å oppføre seg. Sjølv om det å rydde salen er eit merkeleg eksempel på kva fair play er, så var det ikkje uvanleg å høyre frå lærarane at dei brukte vurdering av fair play til å får elevane til å oppføre seg: «Jeg har hatt mye mer fokus på å slå ned på kommentarer med én gang, hvis jeg hører noen negative kommentarer», sa ein lærar.

Kva meiner du: korleis bør vi forstå fair play i ein kroppsøvingssamanheng?

1 kommentar til «Fair play: viktig læring eller kontroll av elevane?»

  1. If you ve ever seen a man swell up with sheer size, then testosterone was the cause of it levitra strips My eyes are super dry and sandy feeling all the time

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *